
Velkommen!
Byggje nytt? Pusse opp? Rehabilitere? Hjelp med vedlikehaldet? Kjøpe byggevarer? Vi er her for å hjelpe deg med alt dette og meir til!
Når du skal realisere husdraumen, er det viktig å velje ein byggmeister du kan stole på. Ein med lang erfaring i den lokale
bustadmarknaden, som kan hjelpe deg heile vegen. Med Handverksbygg er du garantert eit hus med høg standard og varig verdi!
Vi gir deg fridom til å velje. Fordi Handverksbygg er medlem av Norgeshus, har du tilgong til ein rikhaldig katalog med hus
i dei fleste stilartar og storlekar. Om du ikkje finn akkurat det du leitar etter her, eller ønskar å tilpasse eit hus til
dine behov, samarbeider vi med dyktige arkitektar som kan teikne og skreddarsy huset akkurat slik du vil ha det. Valet er
ditt!
Har du eit eldre hus som treng å pussast opp? Handverksbygg har lang erfaring med alt frå mindre rehabilitering til større
ombyggingar. Anten du vil bevare den originale stilen eller ynskjer noko heilt anna - med vår kunnskap blir huset så godt
som nytt!

